NRK Nyheter

NRK logo
  • Minst 47 personer er omkommet og 85 er skadd etter kraftig regn og flom i det nordlige Tanzania, opplyser landets helsedepartement. Det er ventet at dødstallet vil stige. Ifølge lokale myndigheter er veier i regionen Manyara oversvømt og blokkert av steiner og trær som følge av uværet. Bilder sendt på den statlige TV-kanalen TBC viser boliger og kjøretøy som er lagt under vann. Tanzanias president Samia Suluhu Hassan, som er i Dubai i forbindelse med FNs klimatoppmøte, sier myndighetene vil sette av midler for å hjelpe dem som er berørt. Tanzania er ikke det eneste landet øst i Afrika som har blitt rammet av flom og styrtregn de siste ukene. Etter en periode med lengre tørke har vær- og klimafenomenet El Niño ført til store oversvømmelser. I Somalia er flere hundre mennesker døde og over 1 million fordrevet fra sine hjem. (NTB)
  • Det skal ikkje vera nokon skadde eller noka form for forureining på det panamanske konteinarskipet som vart råka av missil i Raudehavet, melder Reuters. Houthi-militsen i Yemen hevdar dei står bak missila som dei meiner råka to israelske skip. Israel har avvist påstanden om at skipa var israelske. Det amerikanske forsvaret Pentagon har sagt at det amerikanske militærfartøyet USS Carney vart råka av eit åtak, men har ikkje kome med meir informasjon om åtaket. Pentagon seier også at åtaka råka fleire enn to skip.
  • Eit jordskjelv med styrke 6, 8 og eit djupn på ti kilometer råka Filippinane, melder Reuters. Jordskjelvet råka Mindanao, den nest største øya på Filippane. Det same skjedde i går, men då hadde skjelvet ein styrke på 7, 5. Det amerikanske tsunamivarselsystemet melder at det ikkje er nokon fare for tsunami i samband med jordskjelvet. Gårsdagens jordskjelv førte til tsunamivarsel fleire stadar i regionen og i Japan, men vart seinare avblåst.
  • – IDF held fram med å utvida bakkeoperasjonane mot Hamas til alle sentera på Gazastripa, seier det israelske forsvarets talsperson Daniel Hagari på ein pressekonferanse sundag kveld. Han understrekar at bakkeoffensiven i sør har starta nord for Khan Younis, og at målet er at innsatsen dekker alle områda der Hamas er. Sundag kveld kom også militærsjefen Herzi Halevi med eit eige fråsegn på Telegram om kampane i sør. – Me har kjempa sterkt og grundig nord på Gazastripa, og me gjer det same i sør nå, seier Halevi. Han stadfestar vidare at dei har gått til åtak på fleire Hamas-styrker i nord i Gaza både i går og i dag. – I går tidleg starta me same prosessen her sør på Gazastripa, og åtaka her vil ikkje vera med mindre styrke enn dei i nord og vil heller ikkje gje færre resultat enn dei i nord. Natt til sundag vart det meldt om vedvarande bombing av Khan Younis, medan innbyggarane fekk løpesetlar med informasjon om kor dei såkalla «trygge sonene» skal vera. Samstundes uttrykte FNs menneskerettssjef Volker Türk bekymring over at hundretusenvis av palestinarar i Gaza er tvinga til å stua seg saman i stadig mindre område, og understreka at det «ikkje finst trygge stader i Gaza».
  • Det melder TV 2. Mannens forsvarar seier til TV 2 at mannen var mistenkt for drapet på kjærasten, men at mistanken nå skal vera svekka totalt. Politiet i Thailand etterforskar framleis saka, men har ikkje svart på førespurnadene til TV 2. Kanalen kan difor ikkje stadfesta med tryggleik om mannen framleis er sikta eller om saka mot han er avslutta. 3. oktober vart mannen pågripen og sikta for å ha drepe kjærasten med ei kjøttøks i ein liten by i Nord-Thailand. Mannen sat fengsla i varetekt i fire dagar, før han slapp ut på kausjon.
  • Mannen som drepte en tysk turist og skadet to andre lørdag, skal ha hatt forbindelser til den Den islamske staten (IS). Det sier den franske påtalemyndigheten for terror søndag kveld. Han skal ha sverget troskap til IS i en video på sosiale media og hatt forbindelser til andre som har utført terrorangrep i Frankrike, sier påtalemyndigheten. Mannen har også tidligere sittet i fengsel for å ha planlagt et angrep. Påtalemyndigheten fortalte også at moren til gjerningsmannen nylig tok kontakt med politiet og sa at hun var bekymret for sønnen, som er i midten av 20-årene. – Hun kontaktet politiet i oktober i år etter at hun merket at sønnen hadde endret oppførsel. Men på det tidspunktet var det ingenting som kunne rettferdiggjøre en pågripelse. Angrepet i Paris lørdag kveld, der en tysk turist ble drept og to andre ble såret, etterforskes som terror, opplyser den franske innenriksministeren. Angrepet skjedde ved 20-tiden lørdag kveld rundt Quai de Grenelle ved Seinen, nær Eiffeltårnet.
  • Det skriv den israelske militærsjefen Herzi Halevi i eit fråsegn, ifølgje Reuters. – Me kjempa sterkt og grundig nord på Gazastripa, og me gjer det same i sør nå. Israel skal i løpet av sundagen ha gått til åtak på store delar av Gazastripa, mellom anna i sør. Folk i byen Khan Younis rapporterte om massiv bombing. Reuters skreiv at fleire der frykta nye bakkeoperasjonar ettersom israelske stridsvogner stengde av vegen mellom Khan Younis i sør og Deir al-Balah sentralt i Gaza. Israel har ikkje fram til nå ikkje informert om bakkeoperasjonar i sør. Hamas hevdar at det gjekk føre seg bakkekampar mellom dei og israelske styrker to kilometer sør for byen Khan Younis.
  • Ukraina og Polen skal åpne en grenseovergang for å lette på blokaden som polske lastebilsjåfører i flere uker har gjennomført. Lastebilsjåførene som har blokkert alle grenseovergangene til Ukraina i flere uker, krever at det skal gjeninnføres innreisetillatelser for ukrainske konkurrenter. Ugryniv-overgangen som i dag bare er for personbiler og busser, åpner fra mandag for tomme lastebiler inn til Polen. Etter at blokaden ble innledet, har det oppstått milelange køer på begge sider av grensa, og mange sjåfører er blitt sittende i bilene sine i iskaldt vær, med lite mat. De polske sjåførene sier at de taper i konkurransen med de ukrainske sjåførene etter at innreisetillatelsene ble avskaffet. (NTB)
  • Minst fire personar mista livet i eit bombeåtak under ei katolsk messe i Marawi, sør i Filippinane. Omtrent 50 personar er skadde, opplyser myndigheitene. Fleire nyheitsbyrå melder om at Den islamske staten (IS) har teke på seg ansvaret for åtaket. – Soldatane detonerte ei bombe under ei samling av kristne i byen Marawi, skreiv den jihadistiske gruppa på Telegram. Politiet seier dei etterforskar m det var ein improvisert sprengladning eller ein granat som førte til eksplosjonen. Messa fann stad på eit universitet i byen Marawi som vart omringa av islamistiske grupper i 2017. Åtaket kan ha noko å gjera med at militæret den siste tida har gjennomført «operasjonar» retta mot islamistiske grupper i byen, ifølgje AFP.
  • – Konflikten i Midtausten har ført til ein uakseptabel auke i antisemittisme og utryggleik for jødar i Danmark, seier den danske justisministeren Peter Hummelgaard. Grunna frykt for terror, har den danske regjeringa difor sett inn militæret for å passa på jødiske og israelske stadar i København. Frå og med 6. desember kjem dei til å passa på mellom anna synagogar og den israelske ambassaden, melder NTB.
  • 24 personer med norsk tilknytning er i ferd med å forlate Gaza nå. Det opplyser Utenriksdepartementet til NRK søndag ettermiddag. – Vi har i dag fått bekreftet at 24 personer på vår liste er i ferd med å forlate Gaza og at de er på vei inn i Egypt. Dette har vi jobbet hardt for å få til. Dette er veldig gledelige nyheter. Vi er imidlertid fortsatt bekymret for de norske som ikke kom seg over grensen i dag, uttaler utenriksminister Espen Barth Eide (Ap) i en melding til NRK. UD sier de har dialog med de aller fleste som har norsk tilknytning i Gaza, enten direkte eller via pårørende i Norge. Ikke alle vil krysse grensen. – Noen personer oppnår vi ikke kontakt med og har ikke hatt kontakt med den siste tiden. Dette bekymrer oss, sier Eide. Utenriksdepartementet sier de ikke har planer om å sette opp noe nytt charterfly mellom Kairo og Oslo for å frakte disse personene til Norge, men sier de vil bistå dem med å kjøpe flybilletter. – De som ikke har midler, vil kunne få lån som må betales tilbake etter at de kommer til Norge.
  • Eit amerikansk krigsskip og andre handelsskip vart utsett for eit åtak i Raudehavet, ifølgje AP. Det stadfestar også Pentagon. Houthi-opprørarane i Yemen hevdar derimot at dei står bak eit åtak på to israelske skip, noko det israelske forsvaret nektar for på sundagens pressekonferanse. På sosiale medium skriv dei at dei sendte ut missil mot det eine og dronar mot det andre skipet. – Me er klar over rapportane om åtak på skipet USS Carney og kommersielle skip i Raudehavet. Me kjem med meir informasjon når den vert tilgjengeleg, seier det amerikanske forsvarsdepartementet Pentagon sundag ettermiddag. Al Jazeera siterer Pentagon på at USS Carney øydela to Houthi-dronar, medan mannskapet samstundes assisterte eit anna, kommersielt skip, som det vart skote missil på. Ifølgje Pentagon er det tredje gongen sidan oktober at skipet USS Carney har slege ned dronar og missil frå Houthi-militsen, ein av støttespelarane til Hamas.
  • Qatars statsminister krev ein «uavhengig internasjonal gransking av okkupasjonen i Israel, med ein gong». Det seier han til den qatarske TV-kanalen Al Jazeera. Statsminister Sheikh Mohammed Bin Abdulrahman al-Thani sa også at landet ynsker å halda fram med fredsforhandlingane og jobba mot ei permanent våpenkvile.
  • Sundag morgon vart fire personar drepne og tre andre skadde i ei knivstikking i Queens i New York. Nå viser det seg at to av dei drepne skal vera barn, stadfestar politiet på ein pressekonferanse. Det var kusina til den 38 år gamle gjerningsmannen som meldte frå til politiet. Gjerningsmannen knivstakk to politibetjentar, før han sjølv vart skoten og drepen av ein politibetjentane.
  • Oppdatering kl. 16.44: – Dreier seg om ufarlig grilling av mat ute på en veranda, melder politiet. De opplyser om at nødetatene avslutter arbeidet på stedet. Oppdatering kl. 16.39: Foreløpig ikke lokalisert noe brann, opplyser politiet. De melder at de snakker med innringer på stedet. Halv fem søndag ettermiddag meldte politiet at nødetatene rykket ut etter melding om brann i et rekkehus i Tromsø. Ifølge politiet var det uvisst om det bor noen i boligene.
  • Økt eksport som følge av strømmangel i Baltikum bidrar mandag til en foreløpig pristopp så langt i år i tre av fem strømregioner. Mandag blir døgnprisen den høyeste for året både i Tromsø og Trondheim. I tillegg blir det den dyreste enkelttimen i de to prisområdene, samt i Oslo. Det viser søndagens tall fra Nord Pool, ifølge Europower. Klokka 16 mandag kommer både Oslo, Trondheim og Tromsø til å ha en pris på 3,05 kroner kilowattimen. Det er på nivå med Sverige og Finland og Baltikum. Strømmen går til retning Baltikum: Oslo eksporterer til Stockholm, som igjen sender strøm til Finland som sender videre til Estland. Også Polen eksporterer til Baltikum på denne tiden av dagen, ifølge nettstedet. (©NTB)
  • Dødstalet i Gaza stig til 15 523 drepne, melder dei Hamas-kontrollerte helsestyresmaktene i Gaza. Tala er ikkje stadfesta frå anna hald, men ifølgje FN er tala pålitelege. Sundag skal israelske styrker ha bomba flyktningleiren Jabalia i nord, og helsestyresmaktene oi Gaza stadfestar at fleire har vorte drepne. Det israelske forsvaret (IDF) har ikkje kommentert åtaka til nå. Sundag ventar innbyggarane i sør bakkeåtak, etter at stridsvogner stengde av vegen melllom Khan Younis i sør og Deir Al-Balah sentralt i Gaza. Det melder Reuters. Ifølgje nyheitsbyrået har innbyggarane fått kart som viser at dei må koma seg til dei såkalla «trygge sonene» vest for Khan Younis, men innbyggarane melder om at sonene også skal vera under åtak. Israel har sidan våpenkvila slutta fredag gått til åtak fleire stader, både i sør og nord i Gaza.
  • Det seier utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) i ei pressemelding frå regjeringa, og viser til at fondet for tap og skade vart oppretta på konferansens fyrste dag. — Statsministeren annonserte at Noreg vil bidra med 270 millioner kroner til fondet. Mange andre land har også gitt løfte om å støtta fondet. Fondet er tiltenkt utviklingsland som er sårbare for klimaendringar, til dømes tørke og flaum. — Det emiratiske presidentskapet for toppmøtet har jobba beinhardt for å få dette fondet på plass. Vanlegvis tar det fleire år å oppretta slike internasjonale fond. Dette fondet tok det eitt år å etablera, seier Barth Eide. Det emiratiske presidentskapet for klimatoppmøtet har utpeikt utanriksministeren og Singapors utanriksminister Grace Fu til å leia forhandlingane om utsleppsreduksjonar. Barth Eide er også Noregs forhandlingsleiar på klimatoppmøtet.
  • Skipioneren Ingrid Wigernæs er død. Det stadfestar dottera hennar til NTB. Wigernæs var aktiv som langrennsløpar i 1950- og 1960-åra, og var ein av dei fyrste norske kvinnelege langrennsstjernene. Wigernæs tok deltok i OL, tok VM-sølv i 1966 og trente også kvinnelandslaget i langrenn i tida etterpå. I 2021 vart ho utnemnd til Riddar av 1. klasse av St. Olavs orden.
  • Et Norwegian på vei til Alta fra Gardermoen måtte snu på grunn av vond lukt i kabinen, skriver Kronstadposten. – Det var rett og slett rester etter treff med en fugl som har skjedd i går. Da er rutinen at da inspiserer vi og vasker motoren for å få det rent. Noe som har blitt igjen etter denne prosessen skapte lukten, forteller kommunikasjonsdirektør Esben Tuman i Norwegian til VG. En passasjer avisen har snakket med sier flyet skulle ha landet i Alta 11.15, men etter at flyet snudde og et nytt fly måtte oppdrives, tok de reisende av rundt klokken 11.30.